Sport | 01. nov. 2012

KM: Storsiger til Os 2

Os 2 tok ein suveren siger over Ny-Krohnborg på Kuventræ i kveld og klarer seg med uavgjort mot Osterøy i siste kamp om kretsmeistertittelen.

KM: Storsiger til Os 2
John Ole Johannessen set her inn 3-0 på straffe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. nov. 2012 21:20

Torsdag kveld spelte Os 2, som vann avdelinga si og rykker opp igjen til 4. divisjon, første av to kampar om kretsmeistertittelen i 5. divisjon.

Motstandar, Ny-Krohnborg, tapte 4-1 for Osterøy søndag, og hadde ikkje sjanse mot Os sitt andrelag.

Os 2 - Ny-Krohnborg 7-2 (3-0)
Målskårarar, Os 2: Christer Olsen 2, Ramo Racic, John Ole Johannessen, Fredrik Heggland, Roar Vestbø og Egil Thuen.

– Vi hadde full kontroll heile kampen og leia 6-0 før vi sleppte oss litt ned på og fekk to mål imot, seier assistent-trenar Terje Kvittingen.

Christer Olsen nikka inn 1-0, Børge Borgen såg ut til å skåra 2-0, men ballen var innom Ramo Racic. John Ole Johannesen sette inn 3-0 på straffe cirka eit kvarter før pause.

Christer skåra det første målet i 2. omgang òg før Fredrik Heggland auka til 5-0 og Roar Vestbø til 6-0.

Toppskårar denne sesongen, Egil Thuen, sette inn 7-2-målet.

Os 2: Frode Øvredal - John Ole Johannessen, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Glenn Krossøy - Ørjan Håland, Håkon Kvittingen - Fredrik Heggland, Egil Thuen, Ramo Racic og Christer Olsen.

Innbytarar med speletid: Ørjan Glesnes, Thomas Mjelva, Espen Borgen, Roar Vestbø og Aleksander Nilsen.

Neste og siste kamp om KM-tittelen går borte mot Osterøy onsdag 7. november.

Sist Os blei kretsmeistrar med andrelaget var i 2005.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.