Nore Neset/Os - Fyllingsdalen KM 2018

KM-thrilleren på Nore Neset

Bildeserie og video: – Dette lærde dei mykje av, seier trenar Ørjan Sandal.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag kveld tok Nore Neset/Os jenter 17 imot Fyllingsdalen til serieavslutting i Hordaland si einaste 1. divisjonsavdeling. Oppgjeret blei ein kamp om både seriemeisterskapet og kretsmeistertittelen.

Fyllingsdalen har nyleg vunne Adidas Cup, kalla uoffisielt NM, har leia serien i heile haust, og låg tre poeng framfor Nore Neset/Os før gårsdagens toppkamp.

Kampen snudde to gongar og blei avgjort på overtid.

Nore Neset/Os - Fyllingsdalen 3-2 (1-1)
Målskårarar, Nore Neset/Os: Andrine Brunvatne Kvittingen (1-0 og 2-2) og Lenea Hjelle Fløysand.

Kretsmeistrane: Anne Noss Nordvik - Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Zhen Foldrup, Thale Strønen Skeie, Malin Solstrand Ludvigsen, Kine Ullensvang Moland, Martine Nagelsen-Balland, Nora Kvinge Austevoll, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen, Agathe Cöllestine Lekven, Helene Søviknes, Christine Ognøy Hamre, Astrid Mathilde Mjånes, Hedda Stamnes Lindbom, Karoilne Louise Hevrøy og Anna Rød. Ingeborg Leonsen var vekkreist under kampen, men er òg blant kretsmeisterane på Nore Neset/Os.

– Ei lærerik bragd

Trenar Ørjan Sandal er nøgd og imponert over jentene sine.

– Å slå eit sterkt lag som Fyllingsdalen, som stilte med fullt lag, er ei bragd! Dei er eldre enn oss, men vi har lærd oss å ha ei aggressiv innstilling. Vi er òg gode på dødballar, seier Sandal.

Nore Neset stilte i hovudsak med 15-åringar (2003-årgang), og har berre éin 16-åring. Fyllingsdalen består i hovudsak av 16-åringar, men brukte tre 17-åringar i gårsdagens kamp.

– Vi klarte ikkje å utnytta at vi har fysisk større og sterka spelarar. Samtidig var norenesingane veldig kontant og tøff i stilen, synest Fyllingsdalen-trenar, Stein Arne Andersen.

Trenarane er einige i at det var ein jamn kamp med små marginar.

Utvikling framfor resultat

Sandal er spesielt nøgd med at jentene hamna under og at dei utlikna. Før kamp sa han at verken serien eller kretsmeistertittelen er viktig for laget.

– Å vinna var gøy, men ikkje viktig. Vi prioriterer utvikling og vi prioriterer å vinna Adidas Cup og Norway Cup neste år. Det var uaktuelt å legga om til tre bak på stillinga 2-2. Eg var nøgd med 2-2, sjølv om det ville ført til KM-tittel til Fyllingsdalen.

Også i nest siste runde, der Nore Neset/Os måtte vinna med 6 mål for at eittmålssiger skulle vera godt nok i KM-finalen, ville han heller at jentene skulle få ei utfordring enn at dei skulle tenkja resultat.

– Vi leia 6-0 og var der vi skulle vera, om vi prioriterte KM. Då la eg om til tre bak, i staden for å sikra resultatet. Eg ville at jentene skulle kjenna på risikoen, og eg tenkte at det ikkje gjorde noko om det kom eit baklengsmål. Om dei hadde måtta vinna med to mål i KM-finalen, så hadde utfordringa vore endå større.

Bortekampen mot Nymark enda 7-0.

Samtidig gler han seg på jentene sine vegne etter sigeren i går.

– Det er klart at dette var gøy for både spelarane, for oss i trenarteamet og for den store og fantastiske gjengen på tribunen. Vi hadde eit enormt publikum i går, og dei lagde mykje stemning. Dette var med på å gjera opplevinga endå betre for jentene!

Fleire saker