Sport | 27. feb. 2011

Knalldebut for trenar-Tim

Torsdag leia Tim Henrik Sperrevik gutelaget til Os i kamp for første gong. Det enda med 6-2-siger!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. feb. 2011 21:32

Tim Henrik Sperrevik, som la opp etter 2010-sesongen, har hatt ein god fotballvinter som trenar for Os sitt gutelag.

- Eg storkoser meg. Vi har i overkant av 40 spelarar delt på tre lag, så det er litt av ein kabal. Men det er samstundes ein gjeng av ambisiøse og motiverte ungdomar, dei er lette å undervisa, det ser lovande ut, seier Tim.

Storsiger i første

Torsdag leia Tim laget sitt i kamp for første gong. Bortekampen, som var første kamp i kvalifisering til NM, gjekk mot eit godt Tertnes-lag.

- Kampen starta ganske jamt. Vi skåra det første målet, men fekk to imot og låg under 2-1 til pause.

Men Tim såg tidleg kva veg det bar, og etter at Os tok leiinga 2-3 gjekk det berre gjestane sin veg.

Kampen enda 2-6 til Os etter mål av Bjarte Halhjem, Fredrik Heggland (2), Ørjan Glesnes, Sander Kvittingen og Egil Thuen.

- Vi har drive lite gamping i vinter, i staden for å jogga gatelangs har vi kjørt spelbasert kondisjonstrening med intensive økter med ball i beina. Det var kjekt å sjå effekten, Tertnes var tomme lenge før oss.

Tim har med seg desse i trenarteamet: Bjørn Mjelva, Gunnar Aadnevik, Terje Kvittingen, Oddvar Kopperud og Gunnar Takle Pedersen.

- Stemninga i trenarteamet og i troppen er veldig fin. Vi har spelarar frå heile nedslagsfeltet, frå Kalandseid og Søfteland til Nore Neset, Fusa og Os, og desse ungdomane ser ut til å gå fint i lag både sportsleg og sosialt, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.