Sport | 25. sep. 2010

Knallgøy idrettsdag

Idrettens dag blei ein overraskande stor suksess, og utstillarane var godt førebudd på besøket som kom.

Knallgøy idrettsdag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. sep. 2010 17:23

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Frå klokka 12 til 16 laurdag var det stor aktivitet i og rundt Oshallen. Ei rekkje idrettlag og klubbar stilte ut då det for første gong på fleire år blei arrangert idrettens dag.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Besøket var overraskande godt, vi hadde sikkert mellom 600 og 800 gjestar i det fine vêret, seier Arthur Botnevik frå Os Idrettsråd.

Action ute og inne
Utstillarane var godt førebudd på å ta imot gjestar, dei fleste hadde spennande ting ungar og vaksne kunne sjå på eller delta i.

Utandørs hadde dykkarklubben rigga opp ein tank som folk kunne dykka i. Lysekloster Kjøre- og Rideklubb hadde hestar til å ri på rundt parkeringsplassen til Osbadet.

Inne i hallen var det både knusing av plankar, slåing på pute og test av boksehanskar og hjelm på kampmatte, Os Taekwondoklubb, Os Karateklubb og Os Kickboksingklubb var alle på plass.

Friidrettsgruppa og trampettgjengen i Os Turn lét publikum få hoppa, hos CK Henie kunne du prøva sykling på bukk og hos Os Swingklubb var det balansetest på Indo-board.

Møtte nye medlemmar
Dagens utstillarar fekk vist seg godt fram, og fleire av dei fekk nok nye medlemmar i dag.

- Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå klubbane, fleire interesserte har vore innom dei ulike utstillarane, seier Botnevik.

I tillegg til å tilby dykking i tank delte Os Dykkarklubb ut billettar til gratis prøvedykk i basseng hos kurshaldar og dykkarbutikk Nemo i Bergen.

- Eg hadde med meg ein god bunke, no er det to timar til stenging og eg har berre to billettar igjen, sa Jan Erik Gjesmo.

- Dykkerinteressen startar oftast med prøvedykk i basseng, det er noko eige å sleppa å gå opp etter luft. Eit sånt prøvedykk kostar vanlegvis 250 kroner, så vi håper på å sjå mange osingar igjen i bassenget vårt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.