Knallhelg for cross-klubben

VIDEO: Laurdag og søndag har kjørarar frå Os og fleire nabobygder kost seg på stor bane på trygg is på Ulvenvatnet.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. januar 2013 - 20:08

Laurdag blei ein historisk dag for Os MC og MX klubb, med første kjøring på is i Os.

Les òg: Med piggdekk på isen

– Fleire av kjørarane våre har vore på isen hos motocross-familien Skjerven, som har gard med islagt vatn i vossatraktene, fortel Jan Hetleflåt.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Det handlar mykje om å stola på dekka og piggane, om å venna seg til å ta svingane med rett pådrag og våga å legga seg. Det var tydeleg å sjå kven som hadde kjørt på is før, også dei erfarne motocross-kjørarane trengte nokre rundar før dei fekk opp farten.

Fleire gjestar

I tillegg til at Os stilte sterkt, med gutar og jenter i alle aldrar, kom kjørarar frå blant anna Sotra, Voss, Norheimsund og Samanger for å prøva seg på Ulvenvatnet denne helga.

– Vi og ungdomane har hatt det utruleg kjekt på isen. Det har blitt litt knall og fall òg, men ingen personskade.

– Vi har også hatt ein del publikum og det er veldig stas med fine tilbakemeldingar og folk som gler seg på vegne av kjørarane.

Tre generasjonar på sykkel

Os MC og MX klubb har nesten 300 medlemmar og aktivitet i Kolskogen nærmast kvar dag, frå nybyrjarar til oldboys.

– Blant gjestane denne helga var famlilien Bragstad, med blant anna Patrick, pappa Morten og bestefar Jan, som alle kjørte på isen med oss.

– Dei har lang erfaring og Patrick, som blant anna har sølv frå førre NM på samvitet, var med på å dra opp farten og nivået.

Investerte i nye dekk

Det var elektrisk stemning i motocross-gjengen fram mot helga, då det blei klart at det no blei is å kjøra på, som dei i desember fekk løyve til av Os kommune.

– For mange blei det også travelt med å få piggdekk på. Ein pakke med dekk framme og bak kjem fort på 3000 kroner, fortel Hetleflåt.

Motocross-kjørar Jarle Matre hos bilverkstaden Thuen & Matre, som også sel motocross-utstyr, fekk det hektisk med å skifta.

Hetleflåt, som har tre gutar med kvar sin mc, kjøpte 1000 lause piggar og skrudde dei i sjølv.

– Det er ei investering, men vi får håpa vi får bruka piggane fleire gongar både denne vinteren og seinare år.

Les meir om

Sport Motorsport