Lokal | 15. aug. 2019

Knallmåling for MDG

Sentio for BA: MDG er nesten like store som Høgre. Frp går ned frå 14 til 9 mandat.

Knallmåling for MDG
Delar av MDG på valkampopning i Os sentrumlaurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. aug. 2019 09:53

I ei meiningsmåling som Sentio har gjort for BA får MDG over 13 prosent av stemmene i nye Bjørnafjorden kommune.

– Fantastisk! Dette er mykje betre enn målet vi har sett oss, seier ordførarkandidat Nils-Anders Nøttseter (MDG) til BA.no.

Til Bergensavisen fortel han at folk har stoppa han på gata og fortalt at dei liker at han liker at nokon «endeleg fortel oss kva som skjer», og måten han kjempar for meir openheit i politikk og administrasjon.

Søviknes meiner MDG har vore det mest tydelege opposisjonspartiet, men meiner saka om kommunalsjefen som gjekk av blei blese opp i dimensjon.

Les heile intervjuet og sjå målinga på BA.no (abo)

Sentio for BA sine resultat i målinga for Bjørnafjorden kommune:

Frp: 27,3 % (9 mandat)
Ap: 23,1 % (8 mandat)
Høgre: 14,2 % (5 mandat)
MDG: 13,3 % (5 mandat)
Sp: 10,6 % (4 mandat)
KrF: 4,3 % (2 mandat)
Venstre: 4,2 % (1 mandat)
SV: 2,4 % (1 mandat)
Rødt: 0,6 %

(Bjørnafjorden kommunestyre får, som Os har i dag, 35 plassar)

• Les òg: Prognose: Sp opp, Frp ned

Til samanlikning - valgresultata i 2015

Fusa kommunestyre har 21 medlemmer:
Frp: 2 (246 stemmmer/12,6 %)
Høgre: 3 (293 stemmer/15 %)
KrF: 2 (190 stemmer/9,7 %)
Venstre: 1 (93 stemmer/4,8 %)
Sp: 6 (531 stemmer/27,2 %)
Ap: 6 (499 stemmer/25,6 %)
Uavhengig: 1

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 56 stemmer/2,9 %
MDG: 41 stemmer/2,1 %

Valdeltaking 67,3 % (1.962 av 2.915 med stemmerett)

Os kommunestyre har 35 medlemmer:
Frp: 14 (3.731 stemmer/39,5 %)
Høgre: 4 (1.156 stemmer/12,2 %)
KrF: 2 (418 stemmer/4,4 %)
Venstre: 2 (612 stemmer/6,5 %)
Sp: 2 (407 stemmer/4,3 %)
Ap: 7 (1.832 stemmer/19,4 %)
MDG: 2 (486 stemmer/5,1 %)
TvS: 2 (649 stemmer/6,9 %)

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 163 stemmer/1,7 %

Valdeltaking 66,9 % (9.513 av 14.250 med stemmerett)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.