Knallopning i Oselvo

VIDEO: Svein Hansen fekk laks på 8 kilo ti minutt etter at årets fiske i Oselvo opna.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juni 2015 02:53

Bildeserie:

Klokka 5 tok Rolf Lihaug denne på 7,2 kg i Kremretten på Tøsdal. (Privat foto)
God vassføring i Oselvo opningsnatta. (Foto: KVB)
Sjur Veim ropte på assistanse. (Foto: KVB)
Veim med årets første laks, tatt tre minutt etter at fisket starta. Jarle Rønhovde t.v.. (Foto: KVB)
Paul Lekven (t.v.) tok årets Oskar fire minutt over midnatt. Berge Sørstrønen t.h. (Foto: KVB)
6-7 minutt over midnatt tok Bjørn Eitrheim denne på 5 kilo i sone 1. (Foto: KVB)
Klokka 00.10 tok Svein Hansen denne på 8 kilo på spinner i sone 5. (Foto: KVB)
Klokka 5 tok Rolf Lihaug denne på 7,2 kg i Kremretten på Tøsdal. (Privat foto)
God vassføring i Oselvo opningsnatta. (Foto: KVB)
1 av 7

(I videoen over ser du årets Oskar bli tatt av Paul Lekven. «Håvmeister» er Berge Sørstrønen)

Natt til måndag opna årets sesong i Oselvo. To minutt etter midnatt var den første laksen på kroken, tre minutt etter midnatt var den første laksen på land og fire minutt over midnatt var årets «Oskar» (første laks av medlem i Os jakt- og fiskelag) tatt.

– Min laks var ikkje den første, men den er nok den største til no, seier Svein Hansen frå Fana.

Han sto åleine då det beit på ein rugg på 8 kilo i sone 5.

Har du fått fisk? Send informasjon og bilde til kjetil@midsiden.no eller 90789270

– Eg var heldig som fekk han på land, eg var heilt skjelven etterpå, seier Hansen, nøgd med å få fiskekort opningsnatta.

Laksen blei tatt på spinner og var på land cirka klokka 00.10.

Årets første til Sjur Veim

Dei som sto frå sone 1 til 5 var nøgde med at det endeleg var grei vassføring i Oselvo opningsnatta, sjølv om elva var noko høgare torsdag.

Det gjekk heller ikkje lang tid før første laks var på land.

Sjur Veim, som fiska saman med Jarle Rønhovde, Jan Rotnes og Bård Lyssand i Kvernhushølen, vis a vis sone 2, var førstemann med ein laks på 3,14 kilo tatt på makk 3 minutt ut i årets sesong.

– Det er andre gong eg har fått årets første. Førre gong er lenge sidan, seier Sjur.

Årets «Oskar» til Paul Lekven

På vestbreidden sto Paul Lekven og drog opp ein på 3,1 kilo på sluk eit knapt minutt etter.

– Vi er eit godt lag eg og Paul. No kan vi kalla han Paul den fjerde, humra Berge Sørstrønen, som hjelpte til med håven.

Paul har fått Oskar tre gongar før. Berge fekk ein aure på kroken, men auren skal uti igjen om den bit på i Oselvo.

Oppdatert: Klokka 04.10 melder Sørstrønen at han har fått ein laks på 5,7 kg.

5 kilo på land i sone 1

I sone 1 sto Bjørn Eitrheim, også han åleine.

– Han beit på andre kast, 6-7 minutt over midnatt var han på land. Eg brukte litt tid på å få han på land, men er glad eg klarte det åleine, seier Bjørn.

Laksen er 5 kilo tung og blei tatt på makk.

OPPDATERT: Klokka 05.00 måndag morgon tok Rolf Lihaug ein laks på 7,2 kilo på makk i Kremretten på Tøsdal.

Storfangst i 2014 og 2013

Jonny Lund tok årets Oskar i fjor, tre veker etter at fisket starta.

Han tok seinare eit beist på 14,3 kilo - men den laksen er likevel liten i forhold til Eivind Aasen sitt monster på 18 kilo frå 2013, ein laks som seinare blei utstoppa.

Her kan du også sjå årets Oskar i 2010, 2011, 2012, og 2013.

Har du fått fisk? Send informasjon og bilde til kjetil@midsiden.no eller 90789270

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.