Knask eller knep? Bruk refleks!
I kveld er det Halloween. Sørg for ein trygg kveld ved å la spøkelsa nytta refleks.

Dei siste fem åra er det meldt om over 200 påkøryslar av fotgjengarar i Hordaland. Mange av desse ulykkene skjer i mørket.
I kveld er det truleg mange svartkledde barn lags vegane, som er ute og markerer Halloween. Ikkje berre skremmer dei naboane, men også mange bilistar får seg ein støkk.
– I mørke kostymar og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på ungane, sjølv om det er gatelys, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. Han oppmodar bilistar til å vera ekstra observante i kveld.
Sy refleks i kostymen
Risikoen for å bli påkøyrd i mørket reduserast med heile 85 prosent om ein nyttar refleks. Sjølv om fotgjengaren ser bilen, så ser ikkje alltid bilisten fotgjengaren.
– Kle barna med refleks eller sy inn refleks i kostymen. Med litt kreativitet kan det bli kule effekter som gjer det moro for ungane å bruka refleks, seier Voll.
Gi ein refleks
I følgje tal frå Finans Noreg og Trygg Trafikk er det berre omlag fem prosent av dei som blir skadd som nyttar refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom ti og tjue fotgjengarar i trafikken i Noreg. Rundt hundre fotgjengarar blir alvorleg skadd, medan omlag f450 bil lettare skadd.
– Mange har refleksar liggande i skuffer og skap til inga nytte. Har du ein til overs, så gje den saman med godteriet og sørg for at borna trygt kan ha det moro på Halloween, avsluttar Voll.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.