Lokal | 26. nov. 2012

Knekte opp fem dører

Innbrot i Kolskogen: Varme- og Rørteknikk har vore utsett for innbrot i helga.

Knekte opp fem dører
I helga har det vore innbrot hos VRT. To ytterdører er knekt opp. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. nov. 2012 09:22

Måndag morgon kom rørleggarane i VRT på jobb til herpa lokale.

– Dei har knekt to yttardører og tre dører inne i bygningen, seier Stian Færevaag.

Han seier det førebels er uklart kva som er sakna, men at det ser ut som om innbrotstjuven, eller tjuvane, har vore på jakt etter pengar.

– PC-ane våre står her framleis, heldigvis, og det ser også ut som om mesteparten av verktøyet vårt også har fått stå i fred.

– Men det er rota mykje rundt i lokalet, seier Færevaag.

Ein vinkelkuttar, nokre nøklar og nokre kontantantar er sakna.

Rørleggarfirmaet held til i bygningen dei for ikkje så lenge sidan kjøpte av Bjørn Døsen. Der har dei også leigetakarar.

– Leigetakaren var innom kontoret sitt i 21.30-tida laurdag kveld, så innbrotet må ha skjedd ein gong etter det.

Politiet er interessert i tips i saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.