Knekte piper og velta tre
Knekte piper, velta tre og stengt veg etter kraftige vindkast i Os.
Trøbbel i vinden? Har du tips eller bilde?
Send sms eller epost til 90789270 - kjetil@midtsiden.no.
Det bles kraftig fleire plassar i Os fredag kveld, noko som i 22-23-tida førte til trøbbel på Hatvik og i Øyane.
– Vi er på veg til Øyane for å sikra ei skadd eller laus pipe, fortel brannvesenet.
Både takstein, bosspann og postkassestativ skal ha flydd av garde i vinden i Øyane i kveld.
Pipa knekte rett av
På Berge på Hatvik var ein annan styrke frå brannvesenet. Dei måtte kjøra om Hegglandsdalen over Eidsvegen for å koma fram, grunna velta tre over vegen opp frå Hatvik.
– Dei hadde fyr i omnen då pipa knakk rett av. Men vi fekk sløkt omnen og fått ut oska.
I tillegg til velta tre over vegen ligg det ein laus leidning frå ein stolpe. BKK skal vera varsla.
Kjør varsamt
Vinden bles frå nord så det er stille både i Os hamn og på Hatvik.
Både på Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen ligg det små greiner i vegen. Kjør varsamt.
Enkelte plassar manglar det gatelys. Også i Bergen og Nordhordland er det straumbrot og problem i vinden.