Lokal | 24. apr. 2019

KNM Otto Sverdrup glei forbi Os hamn

Søsterskipet til «Helge Ingstad» er i Bjørnafjorden i dag.

KNM Otto Sverdrup glei forbi Os hamn
KNM «Otto Sverdrup» utanfor Os hamn i dag. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. apr. 2019 07:20

Bildeserie:

Med breidde på 16,4 meter kunne den fint kome mellom bølgedemparane, men segla forbi. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Med breidde på 16,4 meter kunne den fint kome mellom bølgedemparane, men segla forbi. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Utanfor Raudholmane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utanfor Raudholmane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Med breidde på 16,4 meter kunne den fint kome mellom bølgedemparane, men segla forbi. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Utanfor Raudholmane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Onsdag morgon kom fregatten KNM «Otto Sverdrup» til innseglinga til Os hamn.

«Otto Sverdrup» er ein av fregattane i Nansen-klassen, og søsterskip til blant andre den mykje omtalte havaristen «Helge Ingstad».

Nansenklasse-fregattane avløyste dei dampdrivne Osloklasse-fregattane frå 1960-talet. Dei er designa og bygd av det spanske skipsverftet Navantia i Ferrol, nordvest i Spania. Ein del av modulane er bygde i Noreg, men samanstillinga er i heilskap gjort i Ferrol.

Dei fem fregattane har alle fått namn av store norske oppdagarar og vitskapsmenn:
F310 KNM «Fridtjof Nansen» (2006)
F311 KNM «Roald Amundsen» (2007)
F312 KNM «Otto Sverdrup» (2008)
F313 KNM «Helge Ingstad» (2009)
F314 KNM «Thor Heyerdahl» (2011)

Fregatten som er i Os i dag er oppkalla etter Otto Neumann Knoph Sverdrup (1854-1930), ein norsk skipsførar, oppdagar og polfarar, saman med Nansen og Amundsen rekna som «Dei tre store».

Dimensjonar:
134 meter (lengde)
16,8 meter (breidde)
32 meter (høgde)
7,6 meter (dju​pgong)
Deplasement: 5290 tonn
Fart: 26 knop

Våpenutrusting: Evolved Sea Sparrow-missil (ESSM) med Vertical Launcher System (VLS), nye sjømålsmissil (NSM), Sting Ray-torpedoar, OTO Melara-ka​non, synkeminer
Besetning: Normal besetning er 132. Lugarkapasitet til 146 personar

Kjelde: Forsvaret.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.