Politi | 06. feb. 2022

Knuffing og åtvaring

To menn roa seg då politiet kom til staden, ein annan blei stoppa for ulovleg gjennomkøyring i sentrum.

Knuffing og åtvaring
Politiet stoppa i natt ein bil som køyrde gjennom sentrum etter gyldig klokkeslett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. feb. 2022 08:29

I 01.30-tida natt til søndag blei ein bil stoppa på Osøyro.

– Os sentrum er stengt for gjennomkøyring etter klokka 23. Dette er skilta, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Bilførar slapp unna med ei åtvaring.

Ein time seinare var det knuffing mellom to menn i 20-åra.

Patruljen fekk hindra at det utvikla seg, og partane gjekk kvar sin veg.

Fin køyring på Byvegen

I 23-tida laurdag kveld hadde UP fartskontroll på Byvegen ved Y/X-stasjonen.

Dei sto med laser i 60-sonen, men det var ingen som køyrde for fort mens UP var på staden.

På formiddagen laurdag var politiet i Lysefjorden. Der kom dei over ein bil med dårlege dekk, og det blei gitt bruksforbod inntil dekka er skifta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.