Politi | 21. jan. 2024

Knuffing, utforkøyring og promille

Følgde etter bil som køyrde fort, fekk mistanke om påverka bilførar.

Knuffing, utforkøyring og promille
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. jan. 2024 10:57

Laurdag klokka 21.35 fekk politiet melding om ein bil som hadde glidd av vegen aust for Os sentrum.

– Det var ikkje meldt om personskade. Bilførar hadde ordna med bilberging sjølv, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet varsla Vegtrafikksentralen og glatte forhold på staden der uhellet skjedde.

I 02.30-tida i natt reagerte politiet på ein bilist som heldt høg fart og tok fleire forbikøyringar.

– Vi stoppa bilen på Søfteland.

Bilførar, ein mann i 30-åra, er mistenkt for ruspåverka køyring. Det blei tatt beslag i førarkortet, og førar blei tatt med til legevakt for blodprøve.

Klokka 03.55 i natt fekk politiet melding om knuffing mellom to-tre personar i Os sentrum.

Då patrulje kom til staden var dei aktuelle personane vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.