Lokal | 12. des. 2013

Knust rute i barnehage

Politiet har i dag fått inn melding om ruteknusing ved Os barnehage.

Knust rute i barnehage
Os barnehage (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 12. des. 2013 08:37

Politiet fekk i morgontimane melding om ei knust rute ved Os barnehage.

- Nett no veit vi ikkje kva som har skjedd, vi må undersøkja vidare om det er hærverk eller gjort forsøk på innbrot, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Beslagla narkotika

Onsdag ransaka politiet tre boligar på ulike adresser i Os på jakt etter narkotika.

- Vi fann mindre mengder med hasj og amfetamin, mengder vi trur var til eige bruk.

I ti- tida onsdag var det trafikkkontroll på Søfteland, med fokus på utanlandske kjøretøy.

- Vi stoppa ein litauar som ikkje hadde med førarkort. Han fekk bot og må koma inn på politistasjonen i dag og visa førarkortet sitt, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.