Lokal | 22. juli 2012

Knuste 12 ruter

Hærverk for over 100.000 kroner på gigant-lageret i Ådnadalen.

Knuste 12 ruter
På baksida av denne kontorfløyen er det knust 12 vindauge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. juli 2012 00:25

Laurdag kveld blei det oppdaga at det er gjort hærverk på det store lageret Rema kjøpte då Lidl trekte seg ut av Noreg.

– Det er knust 12 vindauge i lageret, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Det er uvisst kor tid rutene blei knust. Hærverket blei oppdaga av ein vektar laurdag kveld.

Politiet hadde nettopp kjørt frå staden då Midtsiden kom fram, men vektarane som oppdaga hærverket var på plass saman med glasmeister.

– Rutene som er knust er på baksida av kontorfløyen, fortel ein av vektarane.

Midtsiden fekk ikkje koma inn på området.

Det 36.000 kvadratmeter store lageret er framleis ikkje innreia og tatt i bruk.

Les òg: – Det er digert! (med bildeserie frå innsida av lageret)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.