Sport | 16. aug. 2013

Knuste banerekorden

Marcelius viste kven som er PRO: Alexander Heggland sin nye banerekord blei ikkje gamal.

Knuste banerekorden
Sverre Marcelius sette ny banerekord 15. august, heile 6 under par. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. aug. 2013 13:31

Torsdag fortalte vi om Alexander Heggland sin nye banerekord på Bjørnefjorden Golfklubb, 66 slag, 2 under par, som han sette 1. august.

Alexander slo med det sin eigen rekord med eitt slag, og har frå før ein uoffisiell rekord på 65 slag.

Men torsdag ettermiddag, 15. august, blei både den offisielle og uoffisielle rekorden til Heggland knust av Sverre Marcelius, som er pro ved golfklubben.

– Eg spelte saman med Sverre og det var som om vi dreiv med kvar vår sport, han var heilt enorm, seier Ottar Blokhus.

Sverre Marcelius gjekk banen på imponerande 62 slag, heile 6 under par.

– Vi blei ståande heilt mållause, det var rett og slett ei oppleving å få med seg denne runden, seier Blokhus.

– Kva med din runde, blei den god?

– Nei. Eg spelte dårleg i går og skuldar på Sverre, spelet hans sette meg heilt ut, ler Ottar.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå Marcelius for kommentar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.