Sport | 15. okt. 2016

Knuste Bjarg i siste heimekamp

Os vann den avgjerande heimekampen med solide siffer!

Knuste Bjarg i siste heimekamp
Marius Mikkelsen (t.v.) feirar Stian Lunde si 3-1-skåring før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. okt. 2016 16:56

Bildeserie:

Her set Erik Kanestrøm inn 1-0. (Foto: KVB)
Her set Erik Kanestrøm inn 1-0. (Foto: KVB)
Kanestrøm sette seinare inn 5-2 på straffe. (Foto: KVB)
Kanestrøm sette seinare inn 5-2 på straffe. (Foto: KVB)
Endre Brenne heada inn 2-0 minuttet etter. (Foto: KVB)
Endre Brenne heada inn 2-0 minuttet etter. (Foto: KVB)
Sander Kvittingen slo litt luft ut av Bjarg-keeperen før han sjølv blei skadd. (Foto: KVB)
Sander Kvittingen slo litt luft ut av Bjarg-keeperen før han sjølv blei skadd. (Foto: KVB)
Torkel Hjertnes på klatretur. (Foto: KVB)
Torkel Hjertnes på klatretur. (Foto: KVB)
Kolskogen kom inn for skadd Kvittingen, men blei nesten skadd sjølv. (Foto: KVB)
Kolskogen kom inn for skadd Kvittingen, men blei nesten skadd sjølv. (Foto: KVB)
Villén med innlegg rett før pause. (Foto: KVB)
Villén med innlegg rett før pause. (Foto: KVB)
Lunde headar inn 3-1. (Foto: KVB)
Lunde headar inn 3-1. (Foto: KVB)
... og auka til 4-1 i 61. minutt. (Foto: KVB)
... og auka til 4-1 i 61. minutt. (Foto: KVB)
Siste heimekamp blei ein jubeldag på Kuventræ. (Foto: KVB)
Siste heimekamp blei ein jubeldag på Kuventræ. (Foto: KVB)
Mange fekk med seg siste heimekamp. (Foto: KVB)
Mange fekk med seg siste heimekamp. (Foto: KVB)
Stemninga var god frå start. (Foto: KVB)
Stemninga var god frå start. (Foto: KVB)
Mikkelsen set her inn kampens siste mål. (Foto: KVB)
Mikkelsen set her inn kampens siste mål. (Foto: KVB)
... og takka banens beste, Rafael Villen, for assist. (Foto: KVB)
... og takka banens beste, Rafael Villen, for assist. (Foto: KVB)
Kolskogen nær si første skåring for A-laget. (Foto: KVB)
Kolskogen nær si første skåring for A-laget. (Foto: KVB)
1 av 15

Os tok tilbake 4. plassen dei treng for å halda seg i det som skal bli ein styrka 3. divisjon neste år etter braksiger over Bjarg.

– Vi skapte gode avstandar og var tøffe i duellane. Og så sette vi fleire av sjansane våre. Men vi kan ikkje gleda oss for mykje over denne sigeren, vi må truleg framleis ha minst eitt poeng mot Sotra i serieavsluttinga på bortebane, seier spelande Os-trenar Hassan El Fakiri etter kampen.

Bjarg-trenar Birkelund er skuffa.

– Os var to hakk betre oss i dag. Eg synest vi var jamne i åtte minutt, og at vi var på veg tilbake på 2-1, men samla sett synest eg vi er prega av høge skuldre i denn viktige kampen, seier Bjarg-trenar Torbjørn Birkelund.

Os - Bjarg 6-2 (3-1)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm 2, Stian Lunde 2, Endre Brenne og Marius Mikkelsen.
Os: Andrew Todd (Kasper Sandven Færøvik) - Endre Brenne (Steffen Ljosheim), Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Hassan El Fakiri, Rafael Villén - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm - Sander Kvittingen (Ole Martin Lekven Kolskogen) og Stian Lunde (Torgeir Lunde).

Kampen starta i høgt tempo og svingte litt begge vegar før Erik Kanestrøm, etter litt klabb og babb etter innlegg av Endre Brenne, sette inn 1-0 i 8. minutt.

Os hadde lagt litt om og starta med to spissar i dag, Kvittingen og Lunde side om side.

– Vi har vore litt lite flinke å truga forsvaret. Denne gong prøvde vi med to spissar som låg litt tettare, seier El Fakiri om endringa.

Endringa fekk effekt, fysisk sterke Kvittingen sin duell på innlegget frå Brenne i 8. minutt leia til Kanestrøm si 1-0-skåring. Dessverre blei Kvittingen skadd og måtte av banen etter ein god halvtime.

Minuttet etter 1-0, på corner av Kanestrøm, var det tidlegare Island-proff, «skadlagrimmen» Endre Brenne, som skalla inn 2-0.

Heimelaget følgte opp med fleire sjansar.

Brenne la inn til Kanestrøm i 12. minutt og Kvittingen serverte Lunde i 14. minutt. Ingen av skota gjekk i mål. Også Mikkelsen fekk avslutta frå 16 meter, men utan nettkjenning.

Etter eit lang innkast høgt på banen reduserte gjestane til 2-1, og fekk både energi og sjølvtillig nok til å stå høgare ein periode.

Men Os kom tilbake og på eit innlegg frå dødlinja, av Rafael Villén, heada Stian Lunde inn 3-1 på overtid i første omgang.

Lunde auka til 4-1

Bjarg hadde ikkje gjeve opp og var på offensiven i starten på andre omgang. Gjestane fekk sine to første cornarar og keeper Andrew Todd, som blei skadd i førre kamp, fekk problem og måtte erstattast av Kasper Sandven Færøvik.

I 61. minutt fekk Os eit brot på midtbanen og Stian Lunde gjorde ingen feil åleine med keeper.

I 77. minutt reduserte Bjarg igjen, frå skrått hald, heilt inntil lengste stolpe og utanfor Færøvik si rekkevidde.

Men Os, som i dag var ekstra duellsterke, samtidig som dei var disiplinerte i spelestilen, heldt fram med å skapa sjansar.

Ein av dei som gav og tok mykje juling i dag, og som hadde assist både på 3-1 og 6-2, var Rafael Villén, kanskje banens beste i dagens kamp.

Mikkelsen skaffa straffe og Kanestrøm auka til 5-2 frå 11-meteren i 82. minutt.

Sjå video av straffen, intervju med El Fakiri og jubelscenar i garderoben på Midtsiden si facebookside.

I 85. minutt auka Os til 6-2 ved Mikkelsen, nærmast liggande inne i boksen.

Treng truleg eitt poeng til

Os møter Sotra, som i dag tapte 3-1 for Austevoll, borte i serieavsluttinga neste laurdag.

Bjarg møter Tertnes i siste runde.

Åsane 2 tapte 0-1 for Brann 2 så Os klarer seg med eitt poeng i siste kamp.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.