Arne Hadler-Olsen etter endt meisterskap (foto: privat/AH)

Knuste Bulgaria

U23-VM: Arne Hadler-Olsen og dei tre andre i den norske dobbeltfiraren hadde små problem med å banka vertsnasjonen Bulgaria i C-finalen.

Av: Andris Hamre

Laurdag morgon rodde den norske dobbeltfiraren med Arne Hadler-Olsen, Halvor West, Robin Fjeldstad og Jørgen Nilsson C-finale i U23-VM i Roing. Meisterskapet blir arrangert i Plovdiv, Bulgaria.

– Den norske dobbeltfiraren vann C-finalen overlegent, sju sekund før vertsnasjonen Bulgaria, rapporterar rotrenar og far Audun Hadler-Olsen frå vannkanten.

Frå det innleiande heatet til oppsamlingsheatet forbedra det norske laget tida si med 10 sekund. På laurdagens C-finale gjekk det igjen raskare enn i forsøksheatet, men litt seinare enn i fredagens løp.

Enda på 13. plass

Dei norske roarane la dei 2000 meterane bak seg på 6.08.26 og enda på 13. plass i meisterskapet.

No er det å heia på dei andre norske båtane som står på programmet.

– Av Noreg sine 9 båtar så har 2 kvalifisert seg til A-finalar, 1 til B- finale og dei resterande 6 laga har rodd C- finalar i dag. 

– A- og B-finalar køyrest laurdag ettermiddag og søndag formiddag, avsluttar Hadler-Olsen. 

Fleire saker