Lokal | 22. apr. 2011

Knuste Grieg-skulptur

Per Grieg sin skulptur som skal på Oseana, verdt over 250.000 kroner, er knust av påske-pøbel.

Knuste Grieg-skulptur
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2011 21:56

Fredag kveld fekk Midtsiden tips om hærverk på Kyrkjeflaten. Det viste seg at det er ein stor marmorskulptur det har gått ut over.

– Skulpturen har stått på Kyrkjeflaten sidan symposiet i 2009, men skal på Oseana når kunst- og kultursenteret er ferdig, fortel Vidar Mæland.

Midtsiden varsla Arne og Vidar Mæland då vi såg skaden på skulpturen. Kunstnarane rykte ut for å sjekka ut skaden.

– Verdt fleire hundre tusen

Far og son Mæland har no sjekka skulpturen og den lause plata som er løfta av og knust i steintrappa like ved.

– Dette er soluret Hany Faisal frå Egypt lagde under førre symposie. Skulpturen blei kjøpt av Per Grieg og Grieg Foundation og er verdt minst 250.000 kroner, fortel Mæland.

Store skadar

Marmorplata låg laus på toppen, så hovudsteinen er ikkje skadd. Men fleire betar er knust av plata som har blitt velta av og ned i trappetrinnet under.

– Den har nokre kosmetiske skader, men det verste er ein sprekk som nesten deler marmorplata i to.

– Det er ikkje sikkert at vi får denne på plass igjen i eit stykke, fortvilar kunstnaren som er med å arrangera symposiet.

Tredje gong

Os sentrum har vore plaga med hærverk fleire gongar, blant anna blei julepynt og julelysa i sentrum øydelagt i desember 2010.

Hærverket på marmorskulpturen skal ifølgje tipsar ha skjedd onsdag kveld. Då skal også ei potte i Postvegen blitt knust, og på Telthusplassen var det mykje glasskår tidleg i påsken.

– Det er fortvilande. Dette er den andre skulpturen frå 2009-symposiet som er øydelagt av pøblar.

– I tillegg blei lydutstyret på bronseskulpturen utanfor Iris øydelag for nokre år sidan. Der fann dei syndaren, og han fekk visst samfunnsstraff, men vi fekk aldri erstatta det som var skadd, seier Arne Mæland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.