Lokal | 15. sep. 2012

– Knuste i kaien

– Vi la merke til at båten hadde stor fart. Så sa det pang og ei kvinne flaksa gjennom båten, seier Ramo Racic, på veg til Rosendal for å spela kamp med Os 2.

– Knuste i kaien
Rygerfonn kjørte i kaien på Malkenes og kom seg ikkje laus igjen. (Lesarbilde, Ramo Racic)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. sep. 2012 13:13

Laurdag klokka 12.43 fekk politiet melding om båtulykke på Malkenes på Tysnes.

– Hurtigbåten ”Rygerfonn”, med 29 passasjerar, hadde ein kraftig samanstøyt med kaien. Ambulanse, brannvesen og politi rykte ut, fortel operasjonsleiar Erik Hole i Hordaland politidistrikt.

Rygerfonn, som Rødne kalla Hardangerfjordekspressen, går i rute mellom Bergen og Rosendal, og er blant anna innom Os på ruta.

Blant dei 29 passasjerane i dag var andrelaget til Os Turn fotball, som var på veg til Rosendal for å spela kamp.

– Flaksa tre meter

– Vi sat og spelte kort, og la merke til at båten hadde stor fart inn mot lan. Men vi rekna med at den hadde kontroll, seier angrepsspelar Ramo Racic.

– Men så sa det pang! Ein av dei tilsette sto med døra open, ei kvinne i nærleiken flaksa sikkert tre meter ut gjennom døra før ho landa.

– Men oss spelarane går det bra med.

Politiet seier alle kom uskadd frå ulykka bortsett frå ein person som var sjokkskada.

Reservebåt og utsett kamp

Rederiet Rødne har skaffa reservebåt og Os-spelarane og resten av passasjerane kom seg til Rosendal.

– Men kampen måtte utsetjast frå klokka 14 og cirka ein time, seier Racic.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til samanstøyten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.