Politi | 10. juli 2022

Knuste øl-glas i ansiktet

Til legevakt etter hending på ein utestad.

Knuste øl-glas i ansiktet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juli 2022 07:07

I 03-tida i natt fekk politiet melding om at ein gjest på ein utestad i sentrum hadde fått knust eit øl-krus i ansiktet.

Vedkomande blei køyrd til legevakt med lettare skadar.

– Patruljen gjorde undersøkingar på staden. Fornærma vil melda forholdet over helga, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Det er ikkje sagt noko om kjønn eller alder på dei involverte.

Gjekk slalåm - køyrde slalåm

I 23-tida laurdag kveld fekk politiet melding om ein mann som såg ut til å vera veldig full.

Han skal ha gått i køyrebanen både på Byvegen og i Industrivegen.

– Patruljen møtte vedkomande, ein mann i 30-åra. Han hadde problem med å gå rett fram. Mannen blei køyrd heim.

Rundt midnatt fekk politiet melding om vinglete køyring på E39 retning Os.

Bilen bli stoppa på Søfteland.

– Førar var edru og har førarkort. Han fekk beskjed om å køyra stødig vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.