Sport | 17. jan. 2011

Knuste rekorden med 111 gjestar

Osbadet knuste den halvanna år gamle rekorden då dei sundag hadde fulle basseng heile dagen.

Knuste rekorden med 111 gjestar
Andris Hamremandag 17. jan. 2011 10:24

Kombinasjonen regn og glatt veg var god butikk for Osbadet i helga.

Sundag sette dei ny besøksrekord med 828 gjestar. Heile 111 fleire enn den gamle rekorden på 717 frå 27. september 2009.

- Du kan seia at når vi set ny rekord så gjer vi det skikkeleg, seier ein nøgd leiar Leif Gunnar Borgen.

Allereie laurdag var dei nær på å slå gamlerekorden, då var det 670 badande gjestar i anlegget på Kuventræ.

Noko ventetid
Med så mange gjestar blei det naturleg nok litt ventetid for å koma inn.

- Vi hadde totimars bading i helga. På sundag hadde vi til saman omkring 100 gjestar som måtte venta litt før dei fekk koma inn, fortel Borgen.

Han fortel at den maksimale ventetida var på omlag ein halvtime, men at dei fleste kom inn før det var gått så lang tid.

Vanskeleg parkering
Dei største utfordringane fann ein utanfor badet denne helga. Med litt redusert parkeringskapasitet grunna snø og is var det mange som nytta fortau og vegskulder i Idrettsvegen som parkeringsplass.

- Vi har heldigvis ikkje fått melding om at det blei skadar på bilar eller folk, men det var vanskelige forhold utanfor, fortel Borgen.

Han fortel at kommunen sine folk var oppom både laurdag morgon og laurdag kveld for å strø, men at grusen regna vekk.

Ein annan grunn til kaos-tendensane utanfor var at folk parkerte i tre rader sånn at nokre av bilane blei innesperra.

- Vi måtte bruke høgtalarane både i badet og i hallen, kor det var handballkampar, for å hjelpa folk å koma seg heim etter badinga, avsluttar Leif Gunnar Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.