Knuste rute i apotek
Politiet er interessert i tips om ein grå varebil etter innbrotsforsøk i Os sentrum.
I 4-tida natt til torsdag gjekk innbrotsalarmen hos Apotek1 Os.
- Vi veit ikkje om dei har kome seg inn eller om noko er sakna, men telefon, internett og betalingsterminalane virkar ikkje i dag, fortel dei tilsette ved apoteket.
Vaktselskapet rykte ut og sikra den knuste ruta. Det skal vera observert ein bil som kjørte frå staden etter innbrotsforsøket.
- Vi er interessert i tips om ein grå varebil, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Fann narkotika
Onsdag ettermiddag var politiet på ransaking i ein bustad i Os. Dei fann mindre mengde narkotika.
- Vedkomande som bur der, ein mann i 30-åra, blei tatt med til avhøyr, og så dimittert, opplyser Sperrevik.
Innbrot på AMFI Os?
Politiet har også fått melding om mogleg innbrot på Amfisenteret.
- Det blei observert to personar inne på senteret etter stengetid. Vi var på synfaring, men fann ikkje spor etter innbrot.
Midtsiden.no har snakka med vaktmeisteren ved senteret. Heller ikkje han ser spor etter innbrot.
- Det er mogleg desse to var i lovleg ærend. Uansett er vi glade for at folk følgjer med og tipsar oss, seier Sperrevik.