Politi | 22. des. 2025

Knuste rute og stakk frå staden

Feil retning i tunell, ruteknusing på dagtid og klage på feststøy i 21-tida laurdag kveld.

Knuste rute og stakk frå staden
Politistasjonen på Moberg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. des. 2025 10:20

Natt til søndag rykte politiet ut på melding om trafikkulykke med mopedbil.

Førar, ein mann i 50-åra, er mistenkt for promillekøyring. Vi omtalte saka i helga:

Kort tid seinare blei ein bilist stoppa etter å ha køyrd fort nok for fengsel gjennom Lyshorntunnelen.

Tidlegare i helga, nærmare bestemt laurdag kveld, fekk politiet klage på støy frå fest i Gudrihaugen.

– Klagen kom inn klokka 21.36. Festen skal ha pågått frå 18-tida, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det skal, på det meste, ha vore rundt 20 festdeltakarar på adressa.

Ein patrulje køyrde ut til staden og gav festdeltakarane pålegg om å halda ro frå midnatt. Dei kunne dermed halda fram som før nokre timar til.

Litt før klokka 15 fekk politiet melding om knust rute i ein leilegheit kommunen eig. Denne ligg rett aust for Oselvo.

– Nokon skal ha stukke frå staden rett etter at ruta var knust. Vi hadde ikkje ledig kapasitet til å rykka ut.

Klokka 16.31 fekk politiet melding om ein bil som køyrde feil retning på E39.

– Bilen hadde kome frå Drangsvegen og køyrd inn i i Lyshorntunnelen i feil køyreretning.

Politiet hadde ikkje ledig kapasitet, men bilisten snudde og køyrde rett veg ut igjen av tunellen.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.