Sport | 06. sep. 2014

Knut skåra for A-laget

Knut Spangelo Haga (15) skåra sitt første for A-laget då Os slo Frøya i ein bortekamp som blei avslutta med 10 mot 10 fredag kveld.

Knut Spangelo Haga, her i kamp for Os 2, kom innpå og sette inn Os sitt femte mål i gårsdagens bortekamp. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. sep. 2014 07:20

Etter fire kampar utan siger vann Os 5-3 borte over Frøya fredag. Heime blei det 7-2 mot tabelljumboen.

Stortalentet Knut Spangelo Haga, som gjekk frå Nore Neset til Os i vinter, sette inn sitt første mål i 3. divisjon i kampen.

Den teknisk gode og fysisk sterje ungdomen, som fyller 16 år i haust, skåra det siste av Os sine 5 mål.

– Han er ein utruleg spennande spelar, synest keeper og lagkamerat Frode Moberg Øvredal.

Frøya - Os 3-5 (1-3)
Målskårarar, Os: Christer Olsen 2, Stian Lunde, Erik Kanestrøm og Knut Spangelo Haga.

– Vi hadde full kontroll og leia fortent til pause, seier Øvredal.

Heimekampen mot tabelljumboen enda 7-2.

To raude kort

Roar Vestbø, som skal til USA i haust, har gått tilbake til Eikelandsfjorden før avreise.

Torkel Hjertnes var i karantene etter raudt kort i førre kamp.

Også i denne kampen blei det raude kort, eitt til kvart lag.

– Ein Frøya-spelar fekk direkte raudt 30 sekund etter at han kom inn på banen. Årsaka var høg fot i duell med Glenn Krossøy. Litt strengt, det såg mest ut som eit uhell, meiner Os-keeperen.

Os-spelar Stian Bakke fekk to gule kort og måtte også av banen før kampen var over.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Stian Bakke, Emilis Zilinskas, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Anders Kinden, Erik Kanestrøm - Ørjan Glesnes, Joakim Hovden og Christer Olsen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.