Sport | 11. mars 2016

Knytte band med catwalk og quiz

VIDEO: Os Fotball stilte med A-lag og El Fakiri for å knyta band mellom idrettsutøvarar og pensjonistar.

Knytte band med catwalk og quiz
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 11. mars 2016 22:07

Etter å ha sett «Alle gutta» på TV2, der Mjøndalen-gutane besøkte eit lokalt eldresenter adopterte Endre Brenne frå Os Fotball ideen.

På Os Eldresenter blei han godt mottatt, Knut Prestvold i Os Pensjonistforening ønskte velkomen.

– Eg var nervøs på førehand, lurte på om nokon ville koma, men eg roa meg då ei dame eg møtte på butikken sa at ho kom.

Ho var ikkje den einaste, over 100 medlemmar av pensjonistforeininga møtte fram torsdag kveld og fekk både moteoppvising med A-laget, quiz og åresal.

– Som det største idrettslaget i bygda er vi ein viktig aktør i lokalsamfunnet. Å knyta band som dette er både hyggeleg og viktig. Om fleire av dei eldre vil koma oftare på Kuventræ er det ekstra kjekt, både for oss og resten av publikum, seier Brenne, som delte ut gratispass til 2016-sesongen.

Sjå videoreportasje i ruta over. (Foto/klipp: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.