Fusa-rådmann Nils-Petter Borge og Terje Søviknes, assistert av to tilsette, Frode og Liv-Mette, slo knute på Os og Fusa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Knytte saman Os og Fusa Asvo

– Vi har ulikt utstyr og samarbeider om fleire kundar, seier Asvo-sjefane Kristian Nygård og Fredrik Lihaug.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag var det ope hus og markering av samanslåing av Os Asvo og Asvo Fusa i Os sitt to år gamle industribygg i Industrivegen.

– Begge verkstadane blir drive vidare kvar for seg, men vi har sidan før jul vore éi eining og jobbar tettare saman enn før, fortel dagleg leiar på Os Asvo, Kristian Nygård.

Leiar i Fusa, Fredrik Lihaug, seier verksemdene samarbeidde tidlegare òg, men jobbar tettare saman no.

– Dei har maskiner vi ikkje har, og motsett. Samtidig har vi vore på besøk hos kvarandre, og vi i administrasjonen har tett dialog frå veke til veke. Det har blitt eit større miljø, noko vi alle har glede av, og vi kan saman løysa endå fleire oppgåver enn før.

Eitt eksempel er boga fôringar til eit bankbygg i Tromsø, som er i produksjon, delar av arbeidet blir gjort i Fusa, delar i Os.

Os Asvo har 50 produksjonsmedarbeidarar og 15 i administrasjonen, Fusa Asvo har 13 produksjonsmedarbeidarar og 4 i administrasjonen.

Ordførar og rådmenn markerte samanslåinga

Kundar, politikarar og tilsette i Os kommune og Fusa kommune var blant gjestane under markeringa fredag.

– Samanslåinga er bra både for dei tilsette, for leiinga og for økonomien i Os Asvo og Asvo Fusa. Eg vil takka både private og firma som nyttar tenestene til Asvo-verksemdene, dette er viktige arbeidsplassar, sa ordførar i Os, Terje Søviknes.

Saman med rådmann i Fusa, Nils-Petter Borge, assistert av to tilsette, Frode og Liv-Mette, knytte han saman eit band som markering av samanslåinga.

Konfettien var for lengst skoten i lufta, noko overtent på ein fredag.

God service og nøye arbeid

Ein av kundane som fekk med seg markeringa var Inwido, representert ved innkjøpar Siri Bugge Leganger-Hansen Nævdal. Inwido var storkunde hos Os Asvo før produksjonen av Lyssand-vindauget blei flytta frå Os til Sverige, men er med Frekhaug Vinduet framleis kunde.

– Vi heldt på nokre oppgåver då Lyssand-produksjonen blei flytta, og har auka på med Frekhaug etterkvart. Dei leverer eineståande service, i tillegg er dei svært nøye, seier Nævdal.

Søviknes fortel òg at han stadig får tilbakemeldingar om god kvalitet.

– Det gjeld både frå kantinedrifta i rådhuset og tenestene de leverer på Lurane, skrytte ordføraren.

I rekrutteringsmodus

Fusa Asvo har Framo, Compact på Søfteland og Fusa kommune på kundelista si.

På tampen av omvisinga, innom lakkavdelinga, var to rådmenn nær på å bli kunde.

– Her får du nytt kjøkken på null komma niks, av med hengsler og handtak og rett i boksen. Det er ikkje uvanleg at folk i andre ærend brått bestiller seg tid i lakkboksen, fortel Nygård mens Christoffer Askvik Olsen og Thyong Pham ivrig delte ut visittkort til Christian Fotland og Nils-Petter Borge.

Fleire saker