Lokal | 03. sep. 2019

Kø etter ulykke på Ulvenvegen

To bilar har kollidert i rundkøyringa ved Svegatjørn.

Kø etter ulykke på Ulvenvegen
Det var kø på Ulvenvegen frå klokka 14.45 etter kollisjon i den nyaste rundkøyringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. sep. 2019 13:36

Torsdag klokka 14.47 kom det melding om trafikkulykke på Ulvenvegen.

Politi, helsevesenet og brannvesenet rykte ut til staden.

– Det er minst to bilar med bulk i fronten, seier eit vitne på staden.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå politiet på telefon, men det skal ikkje ha vore alvorleg personskade i samanstøyten.

Brannvesenet held på å returnera.

– Den eine bilen blir lasta på bergingsbil no, så vegen opnar snart igjen, seier varabrannsjef Erik Walden klokka 15.30.

Artikkelen blir oppdatert når vi har meir informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.