Lokal | 06. juni 2014

Kø frå Halhjem til UnoX

Sånn ser det ut når det er pinse, trafikkulykke i Bergen og 6000 på veg til Stord på handballcup.

Kø frå Halhjem til UnoX
Kø på Halhjemvegen fredag kveld. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. juni 2014 19:24

– Det byrja å hopa seg opp allereie i 15-16-tida, fortel styrmann på MF Raunefjord, Erlend Sivlesøy.

I dag starta pinsehelga, men det kan vera fleire årsaker til den lange køen på Halhjemsvegen.

– Vi har alle ferjene i drift og lastar opp fulle båtar. Eg trur årsaka er at det var ei ulykke i Bergen tidlegare i dag, i tillegg er det mange som skal på handballcup på Stord.

Handballfestivalen på Stord har 25-årsjubileum i år og det er 350 lag som er påmeldt. Cupen passerer kanskje 6000 spelarar, og mange av desse reiser med foreldre frå Bergenshalvøya.

– Synest synd på dei som bur på Søre Neset

Ein Midtsiden-tipsar seier køen gjekk over Mobergsbrua på e39 allereie i 19-tida.

I 21-tida får Midtsiden melding om at køen går heilt til UnoX.

– Eg synest synd på dei som bur på Søre Neset og må venta ein heil ettermiddag på å koma seg heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.