Lokal | 13. feb. 2012

Kø mot byen

Eit trafikkuhell ved Kismulvegen skapte kø på E-39 måndag morgon.

Kø mot byen
Andris Hamremåndag 13. feb. 2012 08:41

Midtsiden fekk i morgontimene flere meldinger om at køen sto på E-39. Fleire av leserane rapporterte at køen starta før Søfteland skule.

Årsaka til problema er truleg eit trafikkuhell mellom to bilar i krysset mellom Osvegen og Kismulvegen.

- To bilar hadde smelt i hop. Det var ein person i kvar av bilane, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til BA.no.

- Dei var båe oppegåande, men klagde over smerter i ryggen.

Politi og ambulanse kom frå byen for å bistå ved uhellet som blei meldt klokka 0632.

Køen skal løyse seg opp etter ulykkesstaden.

- Det har aldri gått så greitt over Vallaheiene, fortel ein av Midtsiden-leserane.

Vegen blei meldt opna igjen litt før klokka 8.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.