Kø og festbråk
Politirapporten natt til laurdag:Kø i pinseutfartenJente følte seg truga på fest

Til tross for ei roleg natt for politiet har det vore litt å henge fingrane i.
Fredag ettermiddag danna det seg igjen kø mot Halhjem i forbindelse med stor pinseutfart.
- Vi køyrde i 1630-tida, då var det heilt uproblematisk, fortel Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.
Dei som var noko seinare ute enn redaktøren opplevde å måtte stå ei stund og venta. Det toppa seg i 18-19 tida fredag kveld.
Fulgte jente heim
I to-tida natt til laurdag måtte politiet bistå ei jente som var på fest på ungdomshuset på Strøno.
- Ho opplevde truslar som gjorde at ho blei redd.
- Patrulja assisterte jenta ved å frakte ho heim til familie i Bergen, fortel politivakta ved Os Lensmannskontor.
TIdlegare på kvelden påtraff patrulja ein person i Os sentrum som sto og pissa. Vedkommande vil bli anmeldt for urinering på offentleg stad.