Samferdsle | 11. jan. 2022

Kø på Kaland - vanskelege forhold på Kismul

Frontkollisjon på E39 skaper høg trafikk på omkøyringsvegane.

Kø på Kaland - vanskelege forhold på Kismul
Trafikken sto frå 16.47 til 18.00. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. jan. 2022 16:20

To bilar har frontkollidert på E39 Osveien nær avkøyrsla til Bontveit.

Politi og ambulanse er på staden.

– Eg køyrde forbi i 16.45-tida. Då var det ein bil som hadde køyrd utfor og venta på bilberging, fortel eit vitne.

Frontskollisjonen skal ha skjedd klokka 16.47.

  • Har du informasjon eller bilde frå staden eller køen? tips@midtsiden.no

– Frontkollisjonen kan ha skjedd i samband med at ein bil har svingt utanom den første havaristen.

Politiet fortel litt over klokka 17 om svært store trafikale utfordringar.

Ifølgje Google Maps er det i 17.20-tida lang kø frå Bergen retning Os etter ulykka.

– Det er også vanskelege køyreforhold over Kismul. Eg ville valt Fanafjellet om eg skulle køyrd ein annan veg mellom Os og Fana no.

Oppdatert: Vegen opna for normal trafikk klokka 18.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.