Lokal | 14. mai 2021

– Køen står ut i Industrivegen

Tips til deg som vil kasta raskare.

– Køen står ut i Industrivegen
Ein inneklemt kastedag - men det er ope i morgon òg. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. mai 2021 09:09

Fredag etter kristi himmelfartsdag ser det ut som om det har blitt meir vanleg å ta fri, ikkje berre for lærarar og andre offentleg tilsette, men andre som må vera heime med skuleungar.

Dagar som denne er ofte også travle på gjenvinningsstasjonane til Bir.

– Det er vår, og folk har gjerne fri både i går og i dag, og då får vi stor pågang, seier kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal.

Før klokka 10 i dag sto køen ut i Industrivegen.

Med stengt torsdag, når det normalt er langope, kan det ha hopa seg ekstra opp.

Tina Skudal. (Foto: Bir)
Tina Skudal. (Foto: Bir)

– Dagane vi har langope er det vanlegvis roleg rundt middagstid, og så kjem det fleire frå klokka 18 til 20.

I dag stenger Bir Kolskogen klokka 17, men dei har ope igjen laurdag til vanleg tid.

– Er det noko kundane kan gjera for at køen skal gå raskare?

– Vi hadde åtte månadar overlapp med bruk av svarte sekkar, men dessverre hender det framleis at enkelte har ein rull dei vil bruka opp. Svarte sekkar tar vi ikkje imot lenger, og det å gå gjennom innhaldet på desse tar tid, då lager du verkeleg kø.

Å ta restavfall i perforerte sekkar utelukkande meint for plast, er heller ikkje akseptert.

– Kastinga går også raskare om du har eventuelle lampar, batteri og kjemikalie sist på hengaren, sidan dette skal først av. Det er jo draumekunden. Og så slepp du å vandra tilbake frå enden av stasjonen med to malingspann mens bilen din blokkerer for andre.

– Generelt er sortering når du lastar hengaren ein fordel for både deg og andre, seier Skudal.

– Pass spesielt på å sortera batteria rett. Her har vi dessverre hatt nokre tilfelle av brann grunna feil sortering og kasting av batteri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.