Lokal | 07. feb. 2019

Kolliderte ved vegvesenet sin kontroll

– Vi har ofte store utfordringar med sjåførar som rett og slett ikkje følgjer med i trafikken.

Kolliderte ved vegvesenet sin kontroll
Statens vegvesen opplever ofte at bilførarar er uoppmerksame. Her på kontroll på E39 ved Hjellemarka i går. (Foto: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. feb. 2019 08:45

Onsdag frå klokka 9 og nesten fram til klokka 15 gjennomførte Statens vegvesen trafikkontroll på E39 ved Hjellemarka og Storestraumen.

I løpet av kontrollen blei det skrive ut 7 manglar på køyretøy og 7 gebyr for manglande førar- eller vognkort.

Mens dei sto på post blei dei vitne til ein kollisjon.

– Den eine bilen stoppa opp, den andre fekk det ikkje med seg. Heldigvis gjekk det bra med alle partar, fortel Thor Jelen, leiar for kontrollen.

At enkelte bilførarar ikkje får med seg det som skjer rundt seg, er vegvesenet blitt vant med.

– Uoppmerksame bilistar kan skapa store utfordringar. Vi ser ofte at sjølv om vi har på oss gule vestar med mykje refleksar, så blir vi ikkje alltid lagt merke til.

• Les òg: Vil firedobla bøtenivåe for mobilbruk

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.