Lokal | 02. apr. 2019

Kollisjon i Irgenskrysset

OPPDATERT:Alle hadde vikeplikt for kvarandre. Så kjørte to av bilane - samtidig.

Kollisjon i Irgenskrysset
Ein av dei involverte bilane mista støtfangeren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. apr. 2019 07:02

Måndag litt før klokka 17 var det eit trafikkuhell i krysset mellom Strønevegen og Skeisflaten.

Ingen personar blei skadd, men det blei dei to bilane. Då Midtsiden kom til staden sto ein Volvo i grøfta utan støtfangar, ein Isuzu pickup sto midt i krysset, utan synleg skade, men ifølgje folk på staden var det noko som hadde låst seg, så den var ikkje mogleg å flytta.

Det var god passasje og ingen kø.

Førarane av bilane var på staden, og forklarte at det sto tre bilar med vikeplikt for kvarandre. To av førarane, ein mann i 20-åra og ei kvinne i 40-åra, bestemte seg for å køyra, og då kom samanstøyten.

Politiet blei varsla, og rykte ut til staden for å bistå. Det vart gjennomførd promillekontroll av dei involverte førarane, utan at dette gav noko utslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.