Lokal | 22. des. 2019

Kollisjon i Lepsøykrysset

To bilar er involvert.

Kollisjon i Lepsøykrysset
To bilar kolliderte i Lepsøykrysset litt før klokka 19. Begge kom seg raskt ut av vegen, og ingen skal vera skadd. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. des. 2019 18:17

Klokka 18.56 fekk politiet melding om kollisjon i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

– Det er så langt opplyst at det ikkje er personskade, men det er litt trafikale problem på staden, fortel politiet.

Eit vitne fortel at to airbagar er løyste ut på den eine bilen, men at begge bilan raskt blei flytta ut av vegen.

110-sentralen oppdaterer klokka 19.10 med at trafikken flyt fint forbi staden. Klokka 19.15 var også bergingsbil på plass.

OPPDATERT: Det er ikkje mistanke om rus, men politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.