Politi | 07. mai 2021

Kollisjon i Lepsøykrysset

Trafikken står på E39 Halhjemsvegen etter ulykke.

Kollisjon i Lepsøykrysset
– Det kan sjå ut som om ein er fastklemt, seier vitne. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2021 13:43

Fredag klokka 15.28 fekk vi tips om ulykke på E39 Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset.

– Det ser ut som om det nettopp har skjedd, at det er påkøyrsle bakfrå og at nokon sit fastklemt, seier vitne.

Politi, brannvesen og ambulanse er på staden.

Køen retning Halhjem står til Moberg, her ved Liafjellstunellen. (Lesarbilde, foto: Sjur Lepsøy)
Køen retning Halhjem står til Moberg, her ved Liafjellstunellen. (Lesarbilde, foto: Sjur Lepsøy)

Vest politidistrikt melder klokka 15.35 at dei blei varsla om ulykka klokka 15.22.

– To bilar har kollidert. Det skal vera påkøyrsle bakfrå, fortel politiet.

6 personar er involver, 3 vaksne og 3 born.

– Ingen av dei skal vera skadd, men trafikken står i ro på staden.

Fem av desse blei køyrde til legevakt for sjekk.

Bilførarane er to menn i 30- og 40-årsalderen. Politiet tok beslag i førarkortet til mannen i 40-åra.

(Lesarbilde: tips@midtsiden.no
(Lesarbilde: tips@midtsiden.no

Airbagar er utløyste og bilane står midt i køyrebanen. Bilistar på veg mot Halhjem fortel om kø til Moberg.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det i 16-tida kø til brua over Ulvenvatnet og, for dei med retning Os, frå avkøyrsla til Lunde og Lekven ved Lekvenvatnet.

Vegen opna igjen klokka 16.49.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.