Politi | 02. juni 2021

Kollisjon mellom bil og MC på Fanafjellet

To personar er involvert.

Kollisjon mellom bil og MC på Fanafjellet
Fanafjellet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2021 13:44

Vest politidistrikt fortel klokka 15.27 om trafikkulykke på Fanafjellsvegen.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no

Ein bil og ein motorsykkel skal vera involvert. Det skal ikkje ha vore passasjerar verken i bil eller på MC, og det er heller ikkje meldt om personskade.

Politi og ambulanse er på staden.

– Det er truleg motorsykkelen som har køyrd på bilen bakfrå, opplyser politiet.

Politiet fortel ikkje kvar på Fanafjellet uhellet har skjedd, men ifølgje Google Maps er det stopp i trafikken nær toppen på Os-sida av fjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.