Førarkortbeslag etter kollisjon på Venjaneset
To bilar er involvert, to kvinner var i sjokk etter samanstøyten.


Fredag klokka 13.33 opplyser politiet om trafikkulykke på Venjaneset.
To bilar er involvert.
– Det skal vera ei påkøyrsle bakfrå, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt via pressetenesta.
Bilførarane var åleine i bilane. Det er ikkje mistanke om personskade, men nødetatar er på veg til staden.
Det er foreløpig uvisst for Midtsiden om ulykka skjedde på ferjekaien og om ferjetrafikken blir påverka. Neste ferje frå Venjaneset skal gå klokka 14.05.
OPPDATERT: Ein lesar kommenterer at ferja 13.45 frå Hatvik mot Venjaneset er i rute.
OPPDATERT kl 15.08: Begge førarar verka for å vera i sjokk. Det er ikkje opplyst å vera synlege skadar. Begge er kvinner, dei er i 50- og 70-åra. Dei to er tatt med til lokal legevakt. Bilane ute av vegen, bilbergar er rekvirert. Politiet har vore på legevakt og gjennomført avhøyr av dei involverte. Sak blir oppretta og det er tatt beslag av førarkortet til den eine kvinna.
- Har du informasjon eller bilde, tips@midtsiden.no





