Lokal | 29. okt. 2011

Kollisjon skapte kork

Frontkollisjon på Gåssandvegen førte til kø i begge retningar laurdag ettermiddag.

Kollisjon skapte kork
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. okt. 2011 16:04

Laurdag i 16.15-tida var det ein frontkollisjon på Gåssandvegen. Politi og to ambulansar rykte ut til staden.

Ingen blei skadd i samanstøyten, men føraren av den eine bilen var i sjokk og blei tatt hand om av ambulansepersonell.

I den eine bilen var det tre passasjerar, to av dei ungar.

Trafikken var blokkert i over ein time. På innsida av ulykkesstaden sto det 10-15 bilar i kø, blant anna eit heilt jaktlag, som venta på å koma seg heim.

Politiet tok promilletest av begge førarane. Ingen av dei blåste raudt. Det er 80-sone på staden, men vegen er smal og på ulykkesstaden er den uoversikteleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.