Politi | 22. sep. 2022

Kollisjon ved Er-An

Tre bilar involvert i trafikkuhell på E39.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. sep. 2022 10:51

Torsdag klokka 12.30 varsla Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på E39 Byvegen ved Er-An på Røykenes.

– Det er ein kollisjon mellom ein varebil og ein personbil. Fire personar er involvert, alle er bevisst og ingen er fastklemte, opplyser politiet.

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til staden.

E39 Byvegen blei stengt etter ulykka. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Saka blei oppdatert med at tre bilar er involvert.

E39 blei stengt på staden, og det danna seg kø begge vegar.

– Det kan sjå ut som påkøyrsle bakfrå. Bilane er rydda unna, og det kan henda at vegen opnar snart, seier ein tipsar til redaksjonen klokka 12.40.

E39 skal ha opna igjen klokka 12.51.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det klokka 12.56 framleis stilleståande trafikk på staden, men køane er ikkje særleg lange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.