Sport | 03. sep. 2016

Kolskogen (15) nær draumedebut

Os slo Øystese med to debutantar på banen. Yngstemann, Ole Martin Lekven Kolskogen, imponerte El Fakiri.

Ole Martin Lekven Kolskogen (15) var nær skåring i debuten for A-laget til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. sep. 2016 15:10

Bildeserie:

Debutant Konrad Skogen får godkjent av El Fakiri. (Foto: KVB)
Steffen Ljosheim sette inn 1-0. Her i 2. omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystese stilte med trenar, men innbytarar var det verre med. (Foto: KVB)
Adrian Valle auka til 2-0 rett etter pause. (Foto: KVB)
Marius Mikkelsen lurte keeper. (Foto: KVB)
... og spaserte inn 3-0, hans niande for sesongen. (Foto: KVB)
Så kom debutant Kolskogen inn saman med Fosen. (Foto: KVB)
Thomas Fosen blei hindra i å avslutta godt nok, men dommar greip ikkje inn. (Foto: KVB)
Debutant Konrad Skogen får godkjent av El Fakiri. (Foto: KVB)
Steffen Ljosheim sette inn 1-0. Her i 2. omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Os tok sin tredje siger på rad då dei i dag slo Øystese på heimebane.

– Eg er nøgd med at vi skårer tre mål og at vi tar tre poeng, men dette var eit hakk ned frå førre kamp, synest spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri.

– Vi må halda oss meir tolmodige frå start og lata ballen gå fortare. I dag blei det dessverre for mange feil og for mange balltap.

Os skapte likevel rikeleg med sjansar og vann kampen suverent.

Os - Øystese 3-0 (1-0)
Målskårarar: Steffen Ljosheim, Adrian Valle og Marius Mikkelsen
Os: Andrew Todd - Endre Brenne, Knut Spangelo Haga, Adrian Valle, Glenn Krossøy - Rafael Villén, Hassan El Fakiri, Erik Kanestrøm - Steffen Ljosheim, Sander Kvittingen og Marius Mikkelsen.
Innbytarar med speletid: Øystein Takle Eide, Thomas Lunde Fosen, Ole Martin Lekven Kolskogen og Torgeir Lunde.

1-0 kom ved Steffen Ljosheim i 12. minutt, 2-0 kom i første spelemunitt etter pause, ved Adrian Valle etter corner, mens toppskårar Marius Mikkelsen lurte seg forbi keeper og spaserte inn 3-0 i 60. minutt.

Øystese hadde ein stor sjanse i 67. minutt, men Todd la seg langstrak og redda. Os hadde fleire store sjansar, blant anna Øystein Takle Eide sitt stolpeskot på overtid.

Kolskogen kom til store sjansar

Øystese stilte med trenar, men innbytarar var det verre med (Midtsiden skreiv først at dei stilte utan trenar, noko som var feil).

Os stilte utan blant andre Stian Lunde, Divaldo Cardoso og kaptein Torkel Hjertnes- men hadde med seg to debutantar.

Den første nye som kom innpå var Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen (15) frå eigen stall. Frå landsdelssamling, talentleir og landslagssamling tidlegare i år gjekk turen i sommar opp til A-troppen.

Kolskogen kom innpå i 72. minutt i dobbeltbyte med Thomas Lunde Fosen. Dei to kom inn for Kvittingen og Mikkelsen og gjorde seg gjeldande frå første stund.

– Det var oppløftande å sjå korleis Ole Martin tok smarte val og kom til fleire store sjansar, seier Hassan.

Den eine blei hårfint avblåst for offside, den andre klarte keeper så vidt å avverga. I løpet av dei to første minutt på banen hadde Kolskogen og Fosen spelt kvarandre gjennom til kvar sin store sjanse.

– Eg var spent, men eg er nøgd. Det var ein fin kamp å debutera i og eg er glad for at eg fekk sjansen, seier Ole Martin til Midtsiden.

Os ligg framleis på 4. plass på tabellen. Dei speler neste kamp borte mot serieleiar Brann 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.