Ole Martin blei nordisk meister med U16-landslaget sommaren 2017. No er han allereie del av U21-troppen. (Foto: NFF)

Kolskogen tatt ut på U21-landslaget

Ole Martin Lekven Kolskogen (18) del av troppen som skal spela mot Finland og Russland i Spania.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blei troppen til U21-landslaget som skal spela to treningskampar på Marbella publisert på fotball.no.

Stamma i laget består av spelararar frå 1998-årgangen, men U21-trenar Leif Gunnar Smerud har òg funne rom til nokre yngre spelarar frå 99, 2000 og 2001-årgangen.

Blant desse er Åsane-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os.

– Vi har nokre 01-gutar som får sjansen når 2000-årgangen opptatt med EM eliterunde. Eg reknar med at fleire av desse yngste i denne U21-troppen vil bita dei andre, både med- og motspelarar, i leggen, seier Smedrud til fotball.no.

Noreg skal spela mot Finland 22. mars og Russland 25. mars.

Ole Martin, som i februar både var kaptein på U18-landslaget og fekk treningsopphald hos danske Brøndby IF, seier til BA.no at han er overraska og glad for å bli tatt ut.

I troppen er eldre spelarar frå klubbar som Everton, Heerenveen, RB Leipzig og fleire norske eliteserielag. Sjølv fekk han 9 kampar for Åsane i OBOS-ligaen i fjor, men må spela 2. divisjon i år etter nedrykket i haust.

Her er heile U21-troppen:
Kjetil Haug - Sogndal                          
Erik Arnebrott - Viking                           
Tomas Totland - Sogndal                      
Leo Cornic - Vålerenga                  
Odin Bjørtuft - Odd                                
Ole Martin Kolskogen - Åsane                       
Martin Ove Roseth - Molde                     
Birk Risa - Odd                                
Fredrik Bjørkan - Bodø/Glimt                
Andreas Hoven - Strømsgodset                 
Einar Iversen - Everton                     
Gaute Høberg Vetti - Sarpsborg 08               
Kristoffer Askildsen - Stabæk                           
Emil Bohinen - Stabæk                     
Tobias Heintz - Kasimpasa              
Magnus Retsius Grødem - Ullensaker/Kisa         
Aron Dønnum - Vålerenga                     
Dennis Johnsen - Heerenveen            
Noah Holm - RB Leipzig              
Magnus Dahlby - Grorud         

Fleire saker