I Portugal måtte han heim for å ta eksamen, no blir det nye landskampar på Ole Martin (18). (Arkivfoto: KVB)

Kolskogen tatt ut til landskampar i Danmark

I Portugal måtte han heim for å ta eksamen, no blir det nye landskampar på Ole Martin (18).

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingen Ole Martin Lekven Kolskogen har mista to samlingar med landslaget etter at han i februar var kaptein for U18-landslaget.

I mars blei han tatt ut på U21-samling, men måtte stå over grunna skade.

I juni var han med på U18-samling i Portugal, men måtte heim etter tre dagar grunna eksamen, utan å ha spelt kamp.

– Eg er glad eg var del av uttaket til turneringa i Danmark, og gler meg veldig til å spela med landslaget igjen, seier Ole Martin til Midtsiden.

Troppen til G18-trenar Pål Arne «Paco» Johansen blei offentleggjort tysdag. I morgon blir laget samla for trening, torsdag går turen til Danmark. Der skal Noreg spela mot Sverige 6. september og, avhengig av resultat, Danmark eller Wales tre dagar seinare.

– Du var skadd i vår, korlei har formen vore utover vårsesongen?

– Eg har vore skadefri sidan seriestart og spelt alle kampane for Åsane til no i år, sa Ole Martin før helga.

Åsane ligg på 3. plass i 2. divisjon etter 4-3-tap i toppkamp mot Grorud laurdag. Dette var første kamp i år utan Kolskogen i troppen.

Noreg G18 som reiser til Danmark:

Rasmus Sandberg - Rosenborg
Andreas Smedplass - Kongsvinger
Leo Cornic - Bærum
Eivind Helgesen - Sogndal
Sturla Ottesen - Kjelsås
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Bjørn Mæland - Odd
Josef Baccay - Lillestrøm
Kristoffer Askildsen - Stabæk
Sivert Mannsverk - Sogndal
Joshua Kitolano - Odd
Mathias Kjølø - PSV Eindoven
Thomas Rekdal - Mainz 05
Einar Iversen - Everton
Emil Konradsen Ceide - Rosenborg
Kornelius Normann Hansen - Southampton
Edvard Tagseth - Rosenborg
Fredrik Oppegår - PSV Eindoven  
Noah Holm - RB Leipzig
Mustapha Fofana - Strømsgodset

Fleire saker