Arne Kristian Kolstad er ny dagleg leiar ved Abo Plan & Arkitektur AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kolstad ny sjef hos Abo

Arne Kristian Kolstad overtar etter Lars Christensen i Abo Plan & Arkitektur.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Abo har fått ny dagleg leiar og ny styreleiar.

Lars Christensen held fram i selskapet, men går no meir tilbake til faget sitt, prosjektadministrasjon, mens Arne Kristian Kolstad frå nyttår er dagleg leiar i selskapet.

Kolstad, som er frå Bø i Telemark, møtte Siw Bugge Gjerdevik frå Os, som han i dag er gift med, mens han tok delar av utdanninga si i Sogndal. Han jobba hos Rambøll før han i 2008 blei tilsett i Abo på Os.

I 2010 blei han partnar og han gjekk frå stillinga som avdelingsleiar for planarbeid då han overtok sjefsstolen til Christensen.

Grundig vurdering

Christensen signaliserte hausten 2014 ønskje om å gå meir tilbake til faget sitt. Omtrent samtidig blei det også klart at styreleiar Anne Gine Hestetun ville trekka seg frå vervet sitt for å delta i valkampen for Arbeiderpartiet (og blei i haust valt til fylkesordførar).

– Vi starta ein prosess med å finna nye kandidatar, der vi òg fekk ekstern hjelp, som blant anna gjekk ut på å intervjua både oss i leiinga og nokre av dei tilsette, fortel Kolstad.

– Namnet mitt blei tidleg nemnt, blant anna av Christensen, så tanken var ikkje heilt ny for meg då eg fekk tilbod om jobben som dagleg leiar. Eg blei glad og takka ja, seier Arne Kristian.

Han legg til at han vil halda fram med planarbeid, som han reknar med å no kunna bruka halvparten av tida si på.

Fleire nye tilsette og roller

Også når det kjem til styreleiarvervet blei det rekruttert frå eigne rekker. Bjørn Atle Drange, ein av gründerane av Abo, blir leiar for styret.

Abo vaks frå 29,6 til 43,1 millionar i omsentnad frå 2011 til 2013, og har halde fram med å veksa.

Selskapet auka ved nyttår til 31 tilsette.

– Ola Klyve Dalland frå Fusa, som har jobba hos sidan 2008, overtar som leiar for planavdelinga. Vi har i dag like mange planoppdrag som arkitektur, fortel Kolstad.

I januar starta landskapsingeniør Ingrid Madsen og Finn Erik Hylland, som jobbar med prosjektadministrasjon, i Abo.

Rutine og nye idear

– Korleis er det å styra over 30 kreative sjeler?

– Det er eit veldig spennande miljø å jobba i, med mykje kompetanse og erfaring.

– Samtidig som det er mykje rutine på huset så er det god takhøgde for nye idear, slik eg opplever det.

– Fleire av gründarane kallar seg no pensjonistar, men vi har ein eigen krok for denne gjengen, som framleis er på huset og stort sett sit og teiknar og kosar seg.

Den eigentlege sjefen meiner han er verken pensjonistane, partnarane eller seg sjølv.

– Det er i grunnen Svanhild som styrer heile sjappa. Ho har full oversikt over alt og har eit system på sakene som ingen av oss kan måla seg med, seier Arne Kristian om sekretæren Svanhild Hjelle.

Fleire saker