Lokal | 16. juli 2010

Kom heim

Både Torkjell Rød i Audrey Horne og Lars Vaular hadde nok følelsen av å koma heim då dei spelte på Søfteland fredag kveld.

Kom heim
Andris Hamrefredag 16. juli 2010 23:26

Bildeserie:

1 av 28

Dei var to av artistane som gjekk på scenen under Søfteland Rock n' LOL fredag kveld. At det var eit populært møte var det ikkje tvil om. Jordet dirra under beina av publikums begreistra hopping i takt med musikken.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Då festivalen byrja fredag kl 18.00 bestemte også vêrgudane seg for at dei ville hjelpe til med å laga ein skikkeleg festival. Regnet slutta og sola dukka opp slik at også ramma rundt kunne bli den beste. Riktig nok hadde regnet tidlegare på dagen gjort at ein laut kjøra på eit ekstra lass med grus for ikkje at det skulle bli for grisete i bakkane.

Endeleg på heimebane
Toschie (Torkjell Rød) kunne endeleg ta med seg resten av kompisane i Audrey Horne og spela på Os. Som ein gjer på Os opna han med den vanlege helsinga når ein møtar osingar; mårnings.

Det var ikkje mykje tvil om at det var eit etterlengta møte osingane fekk med det populære bandet.

Slo gjennom på Søfteland
Ein anna som og kom "heim" var Lars Vaular, som praktisk talt slo igjennom på Søfteland for eit år sida. Då sa han hatt han gjerne kom attende om han vart invitert, og det blei han.

Mottakinga han fekk då han kom på scenen like før midnatt tyda på at han var hjarteleg velkommen.

Bluegrass som svinga
Tidlegare på kvelden hadde søftelandspublikummet fått oppleva spelemannprisvinnarane i Ila Auto. Ei gruppe som spela skikkeleg southstate-bluegrassmusikk. Laurdag kjem dei igjen på scenen under gratiskonserten kl 10.00. Ei oppleving absolutt verdt å få med seg.

VIDEO: Frå festivalen fredag, Ila Auto, Audrey Horne og Lars Vaular. (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.