Sport | 05. okt. 2016

Kom heim frå Eikås med seks medaljar

Elina Tresland Andersen (10) vann West Coast Challange i helga. William Hetleflåt (13) kappkøyrde mot pappa Truls.

Kom heim frå Eikås med seks medaljar
Osingane Elina og William tok 1. og 2. plass på Eikås i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. okt. 2016 21:05

Bildeserie:

Når Elina skal i mål på 12,90 og William på 7,90 så startar dei ulikt.
Når Elina skal i mål på 12,90 og William på 7,90 så startar dei ulikt.
Kjekkast for William denne helga var å køyra mot pappa Truls.
Kjekkast for William denne helga var å køyra mot pappa Truls.
1 av 2
Når Elina skal i mål på 12,90 og William på 7,90 så startar dei ulikt.
Kjekkast for William denne helga var å køyra mot pappa Truls.

Elina Tresland Andersen frå Os vann dragracet West Coast Challange i sesongavslutninga på heimebane i helga, både laurdag og søndag.

Les òg: Elina si utfordring er at ho køyrer for fort

Konkurrent og sambygding William Moberg Hetleflåt køyrde berre søndagen og hamna på 2. plass.

Perfekt indeks og siger samanlagt

– Dessverre dukka ikkje konkurrentane frå dei andre landsdelane opp, men det bryr vi oss lite om, seier pappa Øystein Tresland Helgesen.

Det er i motorsport som i andre idrettar, dei som ikkje klarer å stilla opp har du allereie slått.

– Vi gler oss over god køyring. Reaksjonstida var ikkje så kvass som den brukar å vera, men ho køyrde inn på veldig gode tider og hadde nærmast perfekt indeks i finalen.

Elina sette tida til 13,0 sekund og køyrde inn på 13,036! Med to sigrar i helga og siger i debuten i vår stakk Elina òg av med sigeren samanlagt i West Coast Cup.

I tillegg til sigrane blei ho kåra til beste jente og kom heim med fanget fullt av medaljar.

Raud lykt til William

William Moberg Hetleflåt køyrer i klassen over og set ikkje klokka rundt 12,90, men 7,90. I innleiande rundar startar dei samtidig, men William må i mål fem sekund før.

I elimineringsrundane startar dei ulikt, det betyr at han då må sjå Elina køyra av garde, starta fem sekund seinare, ta ho igjen og køyra omtrent samtidig i mål.

– Dessverre blei det mykje raudlykting på William i helga, seier pappa Truls.

Å sjå konkurrenten køyra av garde og måtta venta fem sekund kan vera med på å trigga ein tjuvstart.

– Det er uansett ulikt William med så mykje raudlykting, så vi lurde ei stund på om sensorane var heilt rett justert. Uansett måtte han nøya seg med 2. plass i West Coast.

Køyrde dragrace mot pappa - 74 hk vs 500 hk

Regnvêret gjorde at William ikkje kunna køyra laurdag, bilen er rett og slett for rask til at det ville vore trygt.

Med skuffande mykje diskvalifisering søndagen var det eit anna løp som blei høgdepunktet i sesongavsluttinga.

– For å visa farten desse små bilane kjem opp i ba vi om å få prøva noko som ikkje er gjort i Noreg før, fortel Truls.

William køyrde dragrace mot pappa i ein Chevrolet Chevelle frå 1970, 490 kubikk mot 8100 kubikk, 70 hk mot drygt 500 hk.

– Eg tok han i starten, men så suste han frå meg. Eg håper og trur det var like kjekt for publikum som for oss, seier Truls om stuntet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.