Lokal | 13. mai 2019

Kom til Kuventræ med gladmelding

Os Fotball får 150.000 kroner i nasjonale midlar for å kunna inkludera fleire med låg inntekt.

Kom til Kuventræ med gladmelding
Endre Brenne var spent då Søviknes sa han var på veg med ei gladmelding. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. mai 2019 20:32

I regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett for 2019 blei det i fjor sett av 291,985 millionar kroner til «Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamilier».

• Les meir på bufdir.no

I morgon blir pengane fordelte, og via partikollegaer i familie- og kulturkomiteen på Stortinget hadde ordførar Terje Søviknes allereie i dag fått høyra at éin av søkjarane i Os får midlar.

– Det er lenge sidan eg søkte, no er eg spent på kva Søviknes kjem med, sa Endre Brenne etter at ordføraren varsla ankomst midt i A-laget si treningsøkt.

Éin i Os - to i Fusa

Blant søkjarane er det både frivillige organisasjonar og kommunar, gjerne saman med ulike lag.

– Hos våre komande sambygdingar over fjorden får Fusa sokn 60.000 kroner til ferieklubb og Vidar Øvredal 50.000 kroner til eit «Nær sjøen-prosjekt», fortel ordføraren.

Os Fotball er einaste som får midlar i Os, og dei får heile 150.000 kroner.

– Det er nok mange gode søkjarar til denne tilskotsordninga, tildelinga av denne støtta er ein fin klapp på skuldra til det arbeidet som fotballgruppa på Kuventræ legg ned for born og unge.

Lågare terskel for redusert betaling

Fotballfritidsordninga til Os Fotball er open fem dagar i veka. Kvar deltakar kan få inntil to dagar med trening, mat og leksegjering på Kuventræ i staden for ordinær skulefritidsordning.

– Om vi tar med dei eldste, som er over typisk SFO-alder, har vi 140 ungar i veka på FFO, fortel Brenne.

Prisen skal ifølgje Brenne ligga ret tover ordinær SFO.

– Korleis kom du på å søkja om midlar?

– Vi har jo nokre som får FFO eller treningsavgift dekka av Nav, men vi ønskjer at terskelen skal vera lågare, om det er nokon som merker at det å delta på fritidsaktivitetar blir for kostbart.

– Har de ein plan om korleis dette skal gjennomførast i praksis?

– Nei. Vi visste ikkje kor stor sjansen var for å få tilskot, eller om vi fekk, og skal no setja oss ned for å sjå korleis desse pengane kan brukast best mogleg.

Aktivitetskort eller fritidskort på veg

I sitt framlegg til budsjett hadde rådmann Christian F. Fotland i haust eit eige fritidskort med som element i eitt av fire hovudfokusområde: å kjempa mot barnefattigdom.

Budsjettkameratane Frp, Høgre og Venstre følgde opp med å inkludera dette i endeleg budsjett. I januar følgde ny regjering, med Frp, Høgre, Venstre og KrF, opp med å vedta tilsvarande, men dei kalla det eit fritidskort.

– Det ligg an til at det skal køyrast test på dette fritidskortet i enkelte pilotkommunar. Kanskje kan Os bli ein av desse, sa Søviknes før han køyrde frå Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.