Politi | 10. nov. 2025

Kom ut av tunellen – fekk hjort inn i sida på bilen

Uhell i 80-sona natt til laurdag.

Kom ut av tunellen – fekk hjort inn i sida på bilen
Ein del hjort har gått på beite ved Svegatjørn sidan vegen opna i oktober 2022. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. nov. 2025 11:55

Natt til laurdag fekk politiet melding om ei hjortepåkøyrsle på E39 ved Skogafjellstunnelen.

Viltkontakt blei varsla.

– Eg fekk ein prat med bilførar på staden, seier viltkontakt Hans Tore Eide.

Vedkomande hadde kome køyrande i 80-sona ut av tunellen, retning frå Bergen mot Halhjem, då ein hjort hadde kome frå venstre, altså nordgåande køyreretning, inn i sida på bilen.

– Hjorten var vekke då vi kom fram. Den blir skildra som eit ungt dyr. Hjorten heldt seg på beina etter samanstøyten og stakk til slutt mot Ulvenvegen og opp i Svegane.

Det blei utført søk, men hjorten blei ikkje funne. Det var heller ikkje blod i sporet.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.