Laurdag kveld var første klubbkveld for den nystarta komiklubben Råkt Opp & Ned. Klubben er starta av Os-komikar Jon Hægland, som er medlem av, og samarbeider med Standup Bergen
Alle dei 80 billettane var selt og minst 40 gjestar måtte stå utanfor LIVE-avdelinga til Irish Cat utan billett.
– Osingane er tydelegvis vant med å bruka Billettservice, kanskje det er Oseana som har oppdradd alle til å handla på nett, undrast Jon.
At Jon gjekk ut i forkant og tipsa folk om å kjøpa på nett grunna lågt tal på billettar, fekk nok truleg fleire til å kasta seg på krykkene. Klokka 13 laurdag var det utselt.
– Det var kjekt at det blei fullt hus, men trist å sjå venar og kjente bli nekta i døra fordi det er fullt, synes han.
– Fantastisk publikum
Kvelden blei på alle måtar vellukka. Midtsiden, som skulle filma showet, blei forhindra i siste liten.
Men publikum Midtsiden har snakka med var veldig nøgd med opplegget, to timar med fem komikarar - og poenga slo godt an.
– Publikum var heilt fantastisk. Ikkje berre fordi dei lo, men fordi dei sat på kanten av stolen, dei var stille og lytta, dei var tydelegvis kome for å oppleva standup.
– Tilbakemeldingane frå komikarane er veldig gode, og det lover bra for framtida at Os blei ein attraktiv plass for standupartistar.
Jon synes dessutan at Irish Cat var perfekt for standup.
– Lokalet er akkurat passeleg, det blir intimt og vi når heilt bak i salen, samtidig er det veldig god lyd der.
Fleire billettar neste gong?
Denne runden blei alle billettane selt på førehandssal og mange fleire ville inn.
– Vi hadde berre desse 80 plassane i tillegg til dei 20 som sto på gjestelista. Det var passeleg med folk for det lokalet.
Påskeaftan, laurdag 7. april, er neste klubbkveld i Os. Då blir det truleg endå meir rift om billettane.
– Gjestelista blir kortare neste gong, så då har vi nok 90 billettar for sal. Vi får nok dessverre ikkje fleire, så det gjeld å vera om seg.
– De vurderer ikkje å skru opp prisen? 150 kroner er ganske rimeleg.
– Nei. I så fall blir det ikkje mykje opp. Sjølv om du får med deg fem artistar på to timar skal det vera billig å gå å standup, standup er vorspiel, meiner Jon Hægland.
Måndag 26. mars legg han ut billettane til neste klubbkveld.